Sogn og Fjordane Teater har fått ny teatersjef

– Solrun har jobba med oss som kunstnarleg rådgjevar sidan mars og kjenner prosekta vår godt. No skal ho leie teateret framover i ein periode, seier Lene Grande i Sogn og Fjordane Teater.

Ho tar over sjefsstolen for teateret medan noverande teatersjef Bodil Kvamme er sjukmeld. Toft Iversen kjem inn i ein periode der mykje skjer på teateret.

– Vi er inne i ein veldig hektisk haustperiode. Vi har premiære med «Kvinna frå før», no i haust, vi er igang med to juleoppsettingar, og i desember skal vi legge fram programmet vårt for 2017, seier Grande.

I 2017 feirer Sogn og Fjordane Teater 40 år, og teateret skal feire med jubileumsframsyning av den musikalske komedien «Evig ung», som handlar om Sogn og Fjordane Teater 40 fram i tid – i 2057.